SSHF-nytt 1999:1

Referat frå helgeseminar i regi av SSHF-Vest

4.-6. september 1998, Solvik kurs og velferdssenter, Askøy. 18 deltakarar

Tema

Fredag: Kroppsspråk i arbeids- og utdannings-situasjonar.

Foredrag ved fysioterapeut Hanne Iversen. Dette vart ein underhaldande og interessant bolk, men foredragshaldaren overraska med å omdefinera temaet til "Muskelspenningar som følgje av synshemming" for så å gå over til å demonstrera Kinesiologi som terapiform. Iversen fekk her sterk motstand frå enkelte skeptikarar. Ho fekk likevel tid til å sei litt generelt om kroppsspråk, og kom også litt inn på synshemma og kroppsspråk. Fleire av deltakarane kom lmidlertid med ønske om at dette emnet må følgjast opp på seinare seminar.

Laurdag: IT og tilgjengelighet for synshemma.

Foredragshaldar Helge Havnegjerde ga nytt håp til dei som opplever at aukande bruk av grafikk i stor grad hindrar synshemma frå å bruka IT som effektivt arbeidsreiskap. Operativsystemet Linux vart halde fram som eit glimrande alternativ til Windows og DOS. Linux kan i følgje Helge mellom anna eliminera mange av dei problema leselistbrukarar får med handtering av grafikk i tekstfilar.

Søndag: Erfaringar frå synshemma i arbeidslivet.

Innlegg ved Torgeir Solheim, Lars Bjørndal og Jorunn Lid. Det var oppmuntrande og inspirerande å få høyra korleis andre synshemma overvann dei problema dei møtte i sine yrke. Det å ha ei leiande eller fri stilling kan vera gunstig for synshemma fordi ein då i stor grad sjølv kan velja arbeidsmetode og slik bli mindre avhengig av spesiell tilrettelegging frå andre.

Lørdagsettermiddagen var avsett til rekreasjon med kano- og havkajakk-padling, spaserturar, svømming og lynkurs i folkedans. Folkedans, med Gunn Monica som instruktør, viste seg å bli særleg populært. Nesten alle vart med.

Det var fin stemning på seminaret, mange har gitt positiv respons i ettertid. Vi vonar å få til noko liknande om ikkje så lenge!

Referent
Espen Raa Nilsen
esnilsen@c2i.net.

[Hjemmeside] [Organisasjonsstoff] [Medlemsbladet] [Eksterne pekere]


24.3.1999 © Synshemmede Akademikeres Forening, SAF.
Postboks 5911, Majorstua, 0308 Oslo
e-post adresse: post@saf-org.no
Kontakt vevansvarlig: webmaster@saf-org.no