SSHF-nytt 1993:4

Hvilken scanner bør du velge?

Etter at den elektroniske SSHF-postkassa ved universitetet i Tromsø ble åpnet, har vi kunnet følge med i mange interessante diskusjoner. En av dem handlet om fordeler og ulemper med ulike scanner-typer.

Mons Åge Bjørndal, som dro igang denne debatten, trakk også konklusjonene i en velskrevet oppsummering til slutt. Jeg har tillatt meg å hente Mons Åges sluttinnlegg ut av postboxen og presentere den her på SSHF-nytt.

Hei alle scanner-interesserte

Så fekk eg i alle fall sett i gang ein skikkeleg debatt her. Takk for alle svar.

Når det gjeld valet mellom Oscar og Rekognita synest valet klart nok: Oscar er tingen. Denne kan nyttast fult ut av ein heilt blind. Grunn-programmet Omnipage har også kome best ut av dei to. Omnipage er kjend for å vera svært bra. Det er dette programmet som vert nytta av punktbiblioteket og trykkeriet for scanning av bøker som skal konverterast til blindeskrift. (det kan vera ulike versjonar ute og gå).

Rekognita er ikkje så blindevenleg. Ifølge Nina Tveter, som har prøvd Rekognita, men som no har Oscar, må det til ein sjåande person for å stilla inn programmet til dei vanlegaste brukarbehova. Rekognita er heller ikkje så god når det gjeld spalter. Her må ein vist nok fortelja programmet kor store og kor mange spalter det er. Dette treng ein ikkje i Oscar.

Oscar kan også finna ut kva veg teksten ligg, men då tek tokinga noko lenger tid.

Helge Havnegjerde skal nyleg ha uttalt at det no har kome ein ny versjon av Rekognita, denne skal vera fantastisk mykje betre enn den gamle. Meir veit eg ikkje.

Ein populær scanner har tidlegare vore Curtzweil. Denne er det mange her i Hordaland som har fått dei siste åra. Denne er mykje dyrare enn dei andre. No er prisen omlag 90.000 for den største pc-scanneren. Denne nyttar ein større scanner, slik at ein kan scanne større ting enn A4-format. Vidare vert gjenkjenninga gjort på eit eige kort, slik at ein ikkje krev så kraftig pc. Programmet er blindevenleg. Scanneren har større oppløysing enn Hp-scannaren, 400 istadenfor 300 tpi (punkt pr tomme).

Det har skjedd ei viss utvikling på denne dei siste åra. Gjenkjenninga skal ha vorte betre, og landskapsfunksjonen (at ein kan scanne to og to sider) fungerar no betre, i følge leverandør Falc.

Scanneren har ei annan utforming enn Hp-scannarane. Glassplata går heilt ut til kanten, og det er ein skrå kant på scannaren. Dette gjer at det skal vera lettare å scanne bøker, då desse ikkje treng brettast så mykje ut, og venstresida kan kvila mot kanten på scanneren.

Ulempa med denne er at tolkinga må føregå samstundes som scanninga. Det innebær at ein må venta litt før ein kan scanne neste side. Dette er ikkje problem med arkmater.

Eit anna problem er at dersom det vert straumavbråt før scanninga er avslutta, må heile greia takast på nytt.

Med Oscar kan vistnok tolkinga føregå etter at scanninga er gjort. Dette krev rett nok stor harddisk, då grafikkfilene krev stor plass. Mellom 1 og 4 megabytes pr side.

Med Oscar føl det med 11 språk, mellom desse er norsk. Det er mogleg å ha 2 språk inne samstundes, t.d norsk og engelsk. Dette er bra dersom ein scannar tekst med sitat på andre språk. Med Curtzweil-systemet må ein kjøpa dei øvrige språka. Dette kostar nokre tusenlappar for kvart. Det er berre mogleg å scanne på eitt om gongen (trur eg).

Når det gjeld samisk er ikkje dette lagt inn i Oscar, men leverandør meiner det bør gå bra dersom ein vel språk som har dei same bokstavane. Det spørs altså om det er bokstavar i samisk som ikkje er vanlege i andre språk. Stavekontroll kan gjerast i WP. Han trudde WP hadde ei samisk-pakke.

Vel, dette er nokre intrykk etter ein runde på ulike hald om Scanner-val. Valet står altså mellom Oscar som er eit fleksibelt program og Curtzweil frå Serox som er dyr. Spørsmålet vert om det er så mykje betre som prisforskjellen skulle tilseia??????

Mons Åge Bjørndal
Natlandsveien 81
5030 Landås
Tlf.: 05-28.47.30
E-mail Mons.Bjorndal@aorg.uib.no

[Hjemmeside] [Organisasjonsstoff] [Medlemsbladet] [Eksterne pekere]


19.1.97 © Synshemmede Akademikeres Forening, SAF.
Postboks 5911, Majorstua, 0308 Oslo
e-post adresse: post@saf-org.no
Kontakt vevansvarlig: webmaster@saf-org.no