SSHF-nytt 1992:3

Frå student til yrkesaktiv

Av Magne Bjørndal

Før student, no fast jobb - korleis får ein det til? Omtrent slik var spørsmålsstillinga då Asle ringde og bad med skriva noko til SSHF nytt. Ei oppgåve eg gjerne tek på meg, men som eg likevel går til med motstridande kjensler.

På den eine sida har eg på mange måtar lukkast, har kome dit eg ville, og skulle gjerne ønskja at andre fekk oppleva det same. Fast jobb som eg trivst med, full av utfordringar. Tenestebustad på 350 m2, ein familie som har det fint saman - kan ein ha det betre? Ingen ting ville vera meir gledeleg enn om det eg har å fortelja kunne oppmuntra andre til å stå på!

På den andre sida finst det knapt noko som er så deprimerande som å lesa om andre sin framgang når ein sjølv synest ein ikkje får det til. Dessutan kan ikkje andre utan vidare gjera seg nytte av mine røynsler.

Lat meg likevel prøva å setja nokre av røynslene mine ned på papiret - så får kvar einskild lesar finna ut om noko av det kan vera til nytte.

Eg har altså teke ei teologisk utdanning, først ved Norsk Lærerakademi i Bergen, deretter ved Menighetsfakultetet i Oslo. I 1988 var eg ferdig med presteutdanninga, og fekk jobb i Kristent Arbeid Blant Blinde, der eg òg hadde arbeidd halvtanna år i studietida. Etter tre år der fekk eg den stillinga eg no har som kapellan i Vefsn, så det siste året har vi budd i Mosjøen. Det vart ein del oppslag i media kring denne tilsetjinga, der sokneråda i Vefsn fekk gjennomgå fordi dei ikkje ville innstilla den blinde søkjaren. Eg skal ikkje ta opp den diskusjonen her, berre slå fast at saka nok såg litt annleis ut frå møterommet i Mosjøen, enn ho gjorde frå Akersgata.

Når eg no ser attende, så slår det meg at eg har vore svært heldig, og at det slett ikkje berre er mi eiga forteneste at eg har nådd dit eg er no. Lat meg stikkordsmessig få peika på nokre viktige faktorar som har hjelpt meg fram.

Når det gjekk såpass greit å få fast jobb, så skuldast det nok m.a. at eg var innstilt på å forlata "Oslogryta". I "utkant-Noreg" er det ofte mangel på fagfolk, og dermed mindre konkurranse om jobbane.

Dette høyrest visst svært så idyllisk ut, men sjølvsagt er det korkje problemfritt å ta teologisk utdanning, eller å ha ei prestestilling. I studietida sakna eg ofte eit fagmiljø av synshemma - folk eg kunne utveksla røynsler med om notatteknikk, hjelpemiddel, særordningar ved eksamen osb. Som arbeidstakar saknar eg til dømes visse typar faglitteratur. I det heile har SSHF framleis mange viktige oppgåver!

Korleis konkludera desse filosoferingane? Jau, eg trur eg gjer det ved å minna om at eg er her. Eg veit litt om det å studera som blind, ein heil del om teologi- og kristendomsstudiet, og sikkert eitt og anna elles. Eg har ikkje så mykje god tid, men å svara på eit brev eller ein telefon, det greier eg vel alltids.

Magne Bjørndal, Vollanveien 43, 8650 Mosjøen.
Tlf. p.75 17 78 62
Tlf. a.75 11 03 57 Faks 75 17 65 03

[Hjemmeside] [Organisasjonsstoff] [Medlemsbladet] [Eksterne pekere]


02.11.96 © Synshemmede Akademikeres Forening, SAF.
Postboks 5911, Majorstua, 0308 Oslo
e-post adresse: post@saf-org.no
Kontakt vevansvarlig: webmaster@saf-org.no